Kvam Elektro AS

Etablert 1975

Kvam Elektro vart i 1975 etablert av Øystein Laupsa. Sidan det har bedrifta vært ei velkjend elektrobedrift blandt dei lokale i kvam og omegn. Sidan 1995 har bedrifta vært medlem i elfag, og etterkvart butikk-kjeden power. Med 110 medlemsbedrifter over heile landet er Elfag ein av Norges mest kjente elektrikerkjeder. Som elfag-medlem ynskjer våre elektrikarar alltid å finne dei beste løysingane for våre kundar, og har stolthet i å opptre pålitelig og ryddig. Me garanterer kvalitet på vårt arbeid, materiell og utstyr i 5 år. Power Norge er ein av dei største aktørane innan forbrukarelektronikk her til lands. 


I dag er det Tormod Laupsa som er dagleg leiar for bedrifta med 10 ansatte. Saman kan me hjelpe deg med alt elektrisk i boleg, fjøs, industri, næring eller større prosjekt. For komplett montering av varmepumper har me ein eigen montør for dette. I butikken vår har me og salg av mange spennande varer fra power-kjeden, lampar og elektromateriell. Dersom du har behov for levering, montering eller reparasjon av kvitevarer kan me hjelpe deg med det og!

Kontakt oss i dag for å dra nytte av vår ekspertise og profesjonelle elektrikertenester. Me er klare til å levere kvalitetsarbeid som oppfyller dine elektriske behov!