Velkomen til Kvam Elektro!

October 29th, 2009 Lagt ut under Velkomen

Kvam Elektro AS er autorisert elektroinstallatør og erfaren forhandlar av forbrukarelektronikk.

Me har Expert-butikk, kontor, verkstad og lager i Hardangerfjordvegen 642.

Våre røynde montørar utfører alle typar elektriske installasjonar, frå bustadhus og hytter til industri.

Kom gjerne innom kontoret i Øystese for ein prat om ditt neste prosjekt, anten det gjeld eit offentleg, privat eller frivillig tiltak. Me tek alle typar oppdrag på alvor, og du får det du betalar for, minst.

Expert-kjeden er mellom dei største på forbrukarelektronikk i Noreg.

Nelfo-merket, Expert-omdømet og Elfag-namnet er vår garanti for at straumen vert til nytte og ikkje skade for deg og dine.

Sjå innom oss i Hardangerfjordvegen 642, også om du skulle vera i tvil om kva du treng.

Hjå oss er gode råd ikkje dyre. Spør oss! Du avgjer sjølv om du vil ha “bra saker til bra prisar”.

Velkomen til ein god handel hjå ein lokal Expert.

(Ein ekspert er forresten ein “særs dugande eller sakkunnig person”, i følgje Store norske leksikon. Så veit du det.)

Sjå etter dette!

Sjå etter dette! Foto: Håkon Norheim

(Me tek atterhald om eventuelle feil eller manglar på nettstaden.)

Comments Off
1Last